Forklaringsartikkel
Flåtestyringssystem

Bilete: Volmax AS / Avgrensa gjenbruk
Eit flåtestyringssystem er eit dataprogram som registrerer kvar ressursane i firmaet, som lastebilar og maskinar, er til kvar tid.
Systemet gjer det mogleg å fjerndirigere bilane på ein formålstenleg måte. Transportleiaren kan til dømes tildele nye oppdrag ut frå kvar lastebilane er, og følgje med på vedlikehald og service for køyretøy og maskinar.
Mange firma bruker informasjonen frå dette systemet når dei skal premiere sjåførar som viser god økonomisk og miljøvennleg køyrestil med lågt drivstofforbruk og lågast mogleg slitasje på bilen.