Forklaringsartikkel
Verkstadkort

Bilete / CC BY-NC 4.0
Mekanikarar som arbeider på ein godkjend verkstad for digitale fartsskrivarar, må ha verkstadkort for å kunne utføre arbeid på fartsskrivaren.
Det er strenge reglar for oppbevaring av desse korta hos verkstaden. Føremålet er å hindre at korta kjem på avvegar, og at data frå fartsskrivaren blir øydelagde eller endra.
Etter ein reparasjon skal fartsskrivaren forseglast. Denne forseglinga kan berre utførast av godkjend mekanikar/verkstad.