Forklaringsartikkel
Elektronisk plukkliste
At ei plukkliste er elektronisk, inneber at all informasjon om kva lagermedarbeidaren skal plukke og sende vidare til kunden, blir send via nettet.
Informasjonen blir send frå eit lagerstyringsprogram til ein dataskjerm eller eit nettbrett som lagermedarbeidaren har med seg på plukktrucken.
Ei elektronisk plukkliste kan også sendast til ei talestyrt plukkeining. Då må ein bruke bestemde meldingar eller kommandoar for å navigere i plukklista, til dømes «klar» og «gjenta». På denne måten har lagermedarbeidaren hendene frie og kan vere meir effektiv i plukkinga.