Forklaringsartikkel
CEMT-løyve
Bilete: Bjørn Nordheim / CC BY-NC-SA 4.0
Alle transportørar som har rett til å drive internasjonal godstransport, må ha eit CEMT-løyve for å transportere gods til og frå europeiske land utanfor EØS-området. For transport innanfor EØS-området er det tilstrekkjeleg med fellesskapsløyve.
Det er land som er tilslutta Internasjonal Transport Forum (ITF) som kan tildele CEMT-løyve. Alle landa i EØS-området og femten europeiske land utanfor EØS-området er medlemmar av ITF.
I Norge er det Statens vegvesen som gir CEMT-løyve. Dette løyvet får ein for eitt kalenderår om gongen. Kvart land har ein avgrensa kvote med løyve.