Forklaringsartikkel
Delkasko

Bilete / CC0
Delkasko er ei dekning i bilforsikring som inkluderer ansvarsforsikring. Ansvarsforsikring er ei lovpålagd forsikring som dekkjer skade på personar, andre køyretøy, bygningar og eigedelar.
I tillegg dekkjer ho
* rettshjelp
* brann
* tjuveri
* glas
* veghjelp
Delkasko er ei rimeleg og god bilforsikring som passar dersom ein har ein eldre bil, eller av andre grunnar ikkje har behov for toppdekning.