Forklaringsartikkel
Motvektstruck klasse T4

Bilete: Arne Skrede / CC BY-SA 4.0
Motvektstruck er den trucktypen ein vanlegvis tenkjer på som gaffeltruck. Han løftar lasten med gaflar framfor framhjula. Dermed blir trucken i seg sjølv ei motvekt til lasten. Lengst bak på maskinen er det montert på eit massivt lodd for å tilføre ytterlegare motvekt. Motvekta må vere tyngre enn vekta på lasten, elles ville trucken ha tippa framover ved løft.
Løftemekanismen er hydraulisk driven, mens det er vanleg med både diesel og elektrisk framdriftsmotor.
Bruksområdet til motvektstrucken er godshandtering på f.eks. lager og hamner, men òg lasting og lossing av lastebilar, containerar og båtar.