Forklaringsartikkel
Varenummer

Bilete: Gunnar Ottesen / CC BY-NC-SA 4.0
Produsenten tildeler kvart produkt eit unikt nummer som inneheld nødvendige opplysningar om produktet, slik at vara kan handterast sikkert og effektivt i heile verdikjeda frå produsent/leverandør, via grossist og detaljist til sluttbrukar.
Eit fullstendig varenummer inneheld minimum seks siffer, men kan ha opptil ti siffer. Jo fleire siffer det er i eit varenummer, jo meir spesifikt er produktet det identifiserer.
Dette varenummeret inngår vidare i eit globalt handelsnummer (GTIN), som igjen dannar grunnlaget for ein strekkode.