Forklaringsartikkel
Tungbil

Bilete: Per Haukeberg / CC BY-NC-SA 4.0
Med tungbil meiner vi køyretøy med tillaten totalvekt over 3500 kg. Det er altså køyretøy ein må ha utvida førarkort for å køyre, sidan dei for «store» for å køyre med vanleg personbilsertifikat klasse B.
Tungbil kan altså vere alt frå ein litt stor varebil til eit stort vogntog. Tungbil omfattar òg minibuss og buss.
I førarkortklassane er det skilt mellom lett lastebil klasse C1(E), det vil seie lastebilar med totalvekt på mellom 3500 og 7500 kg, og tung lastebil klasse C(E), som er lastebilar med totalvekt på over 7500 kg.
Sjå òg forklaringar om førarkortklassar.