Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Vekekvil

Når du transporterer gods med eit køyretøy som veg meir enn 3,5 tonn inklusiv tilhengjar eller semitrailer, eller du køyrer persontransport med fleire enn ni personar inklusiv sjåfør, må du følgje den lovpålagde køyre- og kviletida.

I dette ligg eit krav til vekekvil. Denne må gjennomførast seinast 6 dagar etter førre vekekvil og som hovudregel vere på 45 timar.

Dersom ein ikkje følgjer desse reglane, vil det kunne gå ut over trafikktryggleiken. Blir bileigar og/eller sjåfør teken i kontroll, vil det få store konsekvensar og føre til bøter.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 04.01.2021