Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Avfallshierarkiet

Omgrepet avfallshierarkiet bruker vi for å forklare korleis både Noreg og EU prioriterer handteringa av avfall. Vi kan illustrere hierarkiet ved hjelp av avfallspyramiden, ein omvend pyramide som viser fem måtar å behandle eller unngå avfall på.

Det viktigaste målet er å redusere avfallsmengda. På dei neste plassane kjem gjenbruk av ting, gjenvinning av materiale, og brenning av avfall for å produsere straum og varme. Så lite avfall som mogleg skal gå til deponering.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 30.10.2020