Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Alkolås

Ein alkolås er ei teknisk innretning som ein koplar til tenningssystemet i eit køyretøy. Alkolåsen består av eit handsett med munnstykke og ein leidning som går til ein elektronisk boks. Denne boksen er kopla til tenningssystemet.

Handsettet kan likne på promillemålarane politiet bruker i kontroll. Føraren må blåse i munnstykket, og dersom promillen er over den tillatne grensa, får ikkje hen starta bilen. Promillegrensa i Noreg er 0,2.

Alkolås kan monterast i både lette og tunge køyretøy. Alle nye bussar og minibussar som skal brukast i rute- eller turtransport, må ha montert alkolås. Eldre køyretøy må få ettermontert alkolås innan 2024.

Skrive av Arne Skrede.
Sist oppdatert 02.04.2023