Forklaringsartikkel
ABC-analyse
Ein ABC-analyse blir nytta for å sortere varer, kundar eller leverandørar. A er kategorien av størst betydning og prioritet, B er av middels og C av minst betydning. Kroneverdi, omsetning eller dekningsbidrag er parametrar som ofte blir nytta for å dele inn i dei ulike kategoriane. Analysen blir gjerne nytta for å optimalisere lagerhaldet av varer som står for den største kapitalbindinga, og kanskje fase ut varer som ikkje bidreg lenger.
Eit døme på varer i kategori A kan vere produkt du sender ut svært ofte. Varer i kategori C kan vere produkt du skal oppbevare ei stund frå du får dei inn frå leverandøren, til dei blir distribuerte vidare.