Forklaringsartikkel
ATP
Bilete: Veøy AS / CC BY-NC-ND 4.0
Forkortinga ATP står for ein FN-avtale som Noreg har slutta seg til. Avtalen beskriv korleis ein skal transportere lett bedervelege næringsmiddel over landegrenser, og kva for spesialutstyr som må nyttast til slik transport.
I Noreg har vi ei forskrift om internasjonal transport av lett bederveleg mat som tek i vare reglane i denne avtalen. Reglane seier noko om både transportmiddel, materiell, bevis og godkjenningar.