Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Analog fartsskrivar

Ein sjåfør som er underlagd køyre- og kviletidsreglane og som bruker eit køyretøy utan digital fartsskrivar, må registrere køyretida si på ei diagramskive. Slike analoge fartsskrivarar finn vi berre i eldre køyretøy.

Diagramskiva skal brukast i den analoge fartsskrivaren som er montert i bilen. Ho følgjer deg som sjåfør gjennom heile arbeidsdagen og i alle køyretøya du bruker.

På diagramskiva skal du fylle ut dette:

- namn

- kvar du er når du set diagramskiva inn i fartsskrivaren, og kvar du er når du tek ho ut

- tidspunkta for når du set diagramskiva inn i fartsskrivaren, og når du tek ho ut

- registreringsnummera på køyretøya du bruker

- kilometerstand ved starten på første tur og ved slutten av siste tur

- alle tidspunkta for byte av køyretøy

Statens Vegvesen har vedteke at alle køyretøya som er registrerte etter 15. juni 2019 og som er omfatta av køyre- og og kviletidsreglane, skal ha installert ein smart fartsskrivar. Innan 15 år må også analoge og digitale fartsskrivarar i eldre bilar erstattast med smarte fartsskrivarar.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 02.11.2020