Befordringsvedtekter

Dette er eit omgrep som tidlegare har vore brukt i staden for transportvilkår eller transportvedtekter. Enkelte bruker omgrepet framleis.
Befordringsvedtekter er transportvilkår som gjeld for personar som reiser med rutegåande busstrafikk i Noreg. Når ein reisande kjøper ein billett, inngår han eller ho ein avtale med den ansvarlege transportøren.
Denne avtalen seier noko om kva transportøren forpliktar seg til, til dømes
- kor langt reisa skal gå
- kva for stoppestader som skal finnast langsmed ruta
- kor mykje bagasje den reisande har høve til å ha med
- kva som skjer med hittegods
- kva ansvar leverandøren har ved forseinkingar og kanselleringar
Avtalen seier også noko om ansvarsreglar for den reisande, til dømes
- at ein må kunne vise fram billett
- at ein ikkje skal oppføre seg ubehageleg mot andre reisande eller mot sjåføren
- at ein ikkje skal røykje eller bruke rusmiddel på bussen, i eller utanfor bussterminalar osb.
- at ein ikkje må gjere skadeverk