Forklaringsartikkel
Arbeidsulykke

Bilete: Cornelius Poppe / CC BY-NC-SA 4.0
Ei arbeidsulykke er ei uønskt og uventa hending som skjer i samband med lønt arbeid, og som kan føre til personskade og/eller død.
Typiske arbeidsulykker kan vere fallulykker, klemulykker eller at nokon kjem til skade når dei bruker verktøy og maskinar.
Når ein yrkessjåfør er innblanda i ei trafikkulykke, blir det rekna som ei arbeidsulykke for yrkessjåføren sin del.