Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Bedriftskort

Den ansvarlege for fartsskrivaren/køyretøyet i ei bedrift bruker eit bedriftskort til å lese av data frå fartsskrivaren. Avlesinga/utskrifta må skje minst kvar månad. På denne måten kan ein kontrollere at køyre- og kviletidsreglane er overhaldne.

Frå 15. juni 2019 må alle nye køyretøy ha installert ein heilt ny generasjon fartsskrivar, ein «smart» fartsskrivar. Den smarte fartsskrivaren skal blant anna sjølv varsle om indikasjonar på brot til kontrollutstyr langs vegen mens køyretøyet er i rørsle. Fartsskrivarane skal dessutan kunne koplast til satellittnavigering i køyretøyet, og det skal leggjast til rette for samankopling med ITS-teknologi (intelligente transportsystem).

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 02.12.2020