Forklaringsartikkel
Bonus (forsikring)
Bonus på bilforsikring er ein rabatt for skadefri køyring i forsikringsåret. Denne rabatten blir trekt frå prisen det kostar å forsikre bilen i utgangspunktet.
Du startar på ein låg bonus, og for kvart år du køyrer skadefritt, får du ein høgare bonus. Den vanlegaste toppbonusen hos forsikringsselskapa er 75 prosent.
Bonusen følgjer deg som forsikringstakar. Det
betyr at dersom du byter forsikringsselskap, vil du få bonusen med over i det nye.