Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Eurostandard for motor

Det er laga strenge internasjonale krav for å avgrense skadeverknader av eksosutslepp. Desse må motorprodusentane følgje for å få godkjent produkta sine.

I Europa er desse krava definerte i såkalla eurostandardar og klassifiserte som Euro 1, Euro 2, Euro 3 og så vidare, alt etter når dei blei innførte.

Den første standarden for dieselmotorar for tunge køyretøy, Euro 1, kom i 1993. Den noverande heiter Euro 6 og kom i 2014. Køyretøya har ofte eit emblem, som på biletet, som viser kva euroklasse motoren tilhøyrer.

Avgassane eurostandardane regulerer, er nitrogenoksid (NOₓ), hydrokarbon (HC), karbonmonoksid (CO) og sotpartiklar (PM).

Til dømes er utsleppa av NOₓ blitt reduserte med 98 prosent frå før Euro 1 blei innført tidleg på 1990-talet, og fram til dagens Euro 6-motorar.

Skrive av Arne Skrede.
Sist oppdatert 28.12.2020