Forklaringsartikkel
Sjåførkort

Bilete: Mette Broen / CC BY-SA 4.0
Sjåførkortet blir brukt til å registrere køyre- og kviletid i fartsskrivaren, som er noko du som sjåfør er lovpålagd å ha dersom du køyrer godstransport med bil som inklusiv last overstig 3,5 tonn, og/eller køyrer persontransport med meir enn ni personar medrekna sjåføren.
Om du som sjåfør bryt desse reglane, kan du ved kontroll få store bøter. Arbeidsgivaren/bileigaren er ansvarleg for at fartsskrivaren fungerer som han skal, og har det overordna ansvaret for at reglane i lova blir følgde.
Sjåførkortet er personleg og kan ikkje lånast bort.