Forklaringsartikkel
Transportvilkår

Bilete: Espen Bratlie / CC BY-NC-SA 4.0
Vilkår som gjeld for personar som reiser med rutegåande busstrafikk i Noreg, blir kalla transportvilkår. Når nokon kjøper ein billett, blir det inngått ein avtale mellom den som reiser, og ansvarleg transportør.
Transportøren sin del av avtalen kan til dømes seie noko om
* kor langt ein kan reise
* kva stader bussen stoppar på
* kva som kan refunderast/blir betalt tilbake ved feil eller avbrot
* kor mykje bagasje ein kan ha med
Avtalen seier òg noko om kva ansvar den reisande har. Dette kan til dømes vere reglar som gjeld
* framferd
* forstyrringar
* skadeverk
* røyking og rusmiddel