Forklaringsartikkel
Trekktruck T1

Bilete: Siren Halvorsen / CC BY-SA 4.0
Ein trekktruck T1 er konstruert for å dra vogner etter seg og transportere varer over lengre avstandar internt på bedriftsområde. Han har ofte elektrisk framdrift. Han blir vanlegvis brukt til bagasjehandtering på flyplassar, men blir òg brukt til interntransport i andre bedrifter.
Ein trekktruck er ikkje konstruert for å løfte, berre trekkje og er derfor plassert i klasse T1. For å bruke maskiner i klasse T1 treng ein berre dokumentert opplæring.