Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Hjelpebrems

Tunge køyretøy kan ha ein hjelpebrems som kan avlaste hjulbremsane slik at dei ikkje går seg varme i utforbakkar.

Hjelpebremsen kan vere ein motorbrems, som er eit spjeld eller eit slags «lok» som blir tverrstilt i eksosrøyret og dermed hindrar eksos i å sleppe ut, slik at motoren ikkje får rotert like fort. Føraren regulerer spjeldet med ein brytar.

Hjelpebremsen kan òg vere ein retarder som kan verke i kombinasjon med motorbremsen. Retarderen kan vere elektrisk, men er vanlegvis hydraulisk.

Sjå elles forklaringa om retarder.

Skrive av Arne Skrede.
Sist oppdatert 17.12.2020