Vekselflak

Vekselflak er ein type konteinar som kan setjast av og på ein lastebil ved å slå ned fire bein. Lastebilen løftar konteinaren og set han frå seg ved hjelp av luftfjøringa til bilen. Når konteinaren skal transporterast på bilen, ryggjer lastebilen under han og løftar støttebeina klar av bakken. Så blir beina «bretta» opp under flaket, og konteinaren blir låst fast i bilen med fire hjørnelåsar.
Når vekselflaket/konteinaren skal parkerast, blir beina slåtte ned slik at konteinaren står av seg sjølv. Då kan vekselflaket parkerast inntil lasterampe på lager eller godsterminal, og bilen kan reise vidare mens konteinaren blir lasta eller lossa.
Vekselflak blir mykje brukt i intermodal transport, og dei kan brukast på tog i tillegg til lastebil.