Forklaringsartikkel
Forsikring

Bilete: Ned Alley / CC BY-NC-SA 4.0
Med ei forsikring kan ein sikre seg mot økonomisk tap ved skade på t.d. bilar, hus eller helse.
Ein betaler ein årleg pris (forsikringspremie) til eit forsikringsselskap for å kunne få erstatning ved eit uhell eller ein skade.
Forsikringsselskapet betaler ut ei eventuell erstatning frå eit fond som består av forsikringspremiane kundane har betalt inn.