Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Turvognløyve

Turvognløyve vil seie løyve til å transportere personar utanfor rutetrafikk med motorvogn/buss som tek meir enn åtte personar i tillegg til førar (minst ni sete). Dette inneber transport av passasjergrupper som er sette saman på initiativ frå ein kunde eller av transportøren sjølv.

Dei som skal få dette løyvet, må

* ha ei fast og varig verksemd

* ha god vandel (ikkje ha begått noko lovbrot)

*  ha ordna økonomi

*  kunne faget sitt og ha den kompetansen som trengst

Løyvet for denne typen transport skal bidra til

* at transporten går føre seg på ein sikker måte

* at service og kvalitet er tilfredsstillande

* at regel- og avtaleverk om like konkurransevilkår blir følgde

Løyvet gir tilgjenge til både den nasjonale og den internasjonale marknaden.

Det er Statens vegvesen som skriv ut turvognløyve.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 03.12.2020