Forklaringsartikkel
Talestyrt plukk

Bilete / CC BY-ND 4.0
Med talestyrt plukk får lageroperatøren/-medarbeidaren informasjon om kva som skal plukkast av varer, trådlaust overført frå ordresystemet til eit hovudsett.
Då kan plukkaren ha hendene fri og kan pakke meir effektivt. Plukkaren seier korte talekommandoar i mikrofonen for å bla framover og bakover i plukkelista.
I bransjen bruker ein ofte det engelske ordet «voicepick».