Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Køyresetel

Dersom du vil køyre drosje, buss, limousin eller liknande mot betaling, treng du ikkje berre førarkort, men også ein køyreseddel. Denne køyresetelen er det politiet som skriv ut.

For å få køyresetelen må du oppfylle nokre krav: Du må ha fylt 20 år og vere yngre enn 75 år. Politiet sjekkar også at du har tilfredsstillande vandel, det vil seie at du ikkje har noko på rullebladet ditt som gjer deg ueigna til sjåførjobben. Er du utanlandsk statsborgar, må du som hovudregel ha budd i Noreg i fire år for å få køyresetel. Dette kravet gjeld likevel ikkje for EØS-borgarar. Det siste kravet er at du må vise fram helseattest som ikkje er eldre enn tre månader.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 29.10.2020