Forklaringsartikkel
TVINN

Bilete: Jon Hauge / CC BY-NC 4.0
TVINN står for «tollvesenets informasjonssytem med næringslivet» og er tollvesenet sitt elektroniske system for utveksling av tolldeklarasjonar med næringslivet. Importørar, eksportørar og speditørar kan sende tolldeklarasjonar for varer elektronisk i TVINN-systemet.
Dette bidrar til raskare tollekspedering og frigjering av varer frå toll. Ein kan dessutan sende informasjon til systemet døgnet rundt, sidan ein ikkje er avhengig av at det sit nokon og tek imot i andre enden i opningstidene.