Forklaringsartikkel
Retarder
Ein retarder er ein hjelpebrems på tunge køyretøy. Han blir brukt til å bremse ned farten i nedoverbakkar utan at ein aktiverer hjulbremsane og dermed risikerer at dei går seg varme.
Hydrauliske retarderar er vanlegast, og dei er som regel bygde saman med girkassa på lastebilen eller bussen. Det vil seie at det er olje under høgt trykk som bremsar farten til køyretøyet ved å yte motstand i drivverket.
Føraren regulerer vanlegvis bremseeffekten med ein hendel ved rattet eller på instrumentbordet.