Forklaringsartikkel
D-pak (distribusjonseining)

Bilete / CC BY-NC 4.0
Denne emballasjen blir brukt når forbrukareininga skal fraktast frå produsent til grossist og vidare til detaljist/butikk. Desse einingane er tilpassa måla på hylleplassen i butikken for dei ulike produktgruppene. Eskene/einingane blir sette rett i hyllene i butikken og er enkle å opne slik at forbrukareininga er mest mogleg synleg i front.
Distribusjonseininga må tole å bli lasta saman med andre varer på ein pall utan at ho mistar forma på veg til butikkhylla.
Dagligvarebransjen har standardisert dei ytre måla på distribusjonseininga/kartongen (60 × 40 cm) slik at dei går opp i dei ytre måla på ein europall (120 × 80 cm).