Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Bidragskalkyle

Ein bidragskalkyle bruker vi når vi skal berekne kva pris vi skal ta for ei vare eller teneste i ein konkurranseutsett marknad.

I transportbransjen nyttar vi ofte denne metoden for å berekne pris på eit oppdrag, sidan dette er ein prispressa marknad.

Vi prøver først å finne den optimale marknadsprisen ut frå konkurransesituasjonen. Så bereknar vi dei variable kostnadene i tilknyting til oppdraget (til dømes drivstoffutgifter, bompengar og ferjeutgifter).

Differansen mellom dei variable kostnadene og den prisen vi vel å ta, kallar vi dekningsbidrag.

marknadspris

– variable kostnader

= dekningsbidrag

Storleiken på dekningsbidraget bestemmer då kor mykje av dei faste kostnadene vi får dekt om vi tek oppdraget.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 18.11.2020