Forklaringsartikkel
Modulvogntog

Bilete: Per Haukeberg / CC BY-NC-SA 4.0
Eit modulvogntog er sett saman av standardkøyretøy (lastebil og tilhengjar/tilhengjarar) som kvar for seg oppfyller vekt- og dimensjonskrava i EU- direktivet.
Ved å setje desse saman i gitte kombinasjonar kan vi få eit større vogntog, som då kan få med seg meir last enn eit vanleg vogntog. Modulvogntog kan maksimalt vere 25,25 meter lange og ha ei totalvekt på 60 tonn.
Ein vanleg kombinasjon er å ha ein vanleg lastebil med skåp, som har kopla på ein dolly (liten tilhengjar med to akslingar med ei svingskive på), og kople ein semitrailer på den igjen, slik som på biletet.
Det er berre enkelte delar av det norske vegnettet som er godkjende for bruk av modulvogntog, og det er laga eigne veglister som viser desse vegstrekningane.