Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Svingskive

Svingskiva på ein trekkbil i eit semitrailer-vogntog ber den delen av vekta som kjem frå semitraileren (tilhengjaren), og som fell på trekkbilen.

Midt i svingskiva sit låsemekanismen som låser semitraileren sin kingpin fast i skiva, og dermed festar tilhengjaren til bilen, samtidig som kingpin roterer i dette punktet når vogntoget svingar.

Kingpin er koplingsbolten som sit under semitrailer/tilhengjar (sjå bileta til venstre i fotomontasjen).

Som namnet tilseier, er det i svingskiva at rotasjonen, altså svingebevegelsen mellom trekkvogn og semitrailer, går føre seg. Det er derfor viktig med minst mogleg friksjon på svingskiva.

Sjåfør må derfor regelmessig smørje svingskiva som ein del av vedlikehaldet av køyretøyet.

Skrive av Arne Skrede.
Sist oppdatert 03.03.2021