Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

CIP

CIP betyr carriage and insurance paid to. På norsk betyr dette at seljar betaler frakt med første transportmiddel og forsikring av vara for denne delen av transporten, men forsikringa treng berre å dekke minimumskrav.

Vil kjøpar ha betre forsikring, må hen koste på det sjølv.

Kjøpar har formelt sett ansvaret for varene frå dei er lasta opp på første transportmiddel, men seljar betaler altså forsikring på vegner av kjøpar for den første delen av transporten.

Seljar ordnar eksportdeklarering, kjøpar ordnar importdeklarering.

Skrive av Marion Federl og Haldor Hove.
Sist oppdatert 09.12.2022