Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Yrkessjåførkompetanse (YSK)

For å ha rett til å drive person- eller godstransport mot vederlag, altså jobbe som yrkessjåfør på tunge køyretøy, må du ha yrkessjåførkompetanse (YSK). Dette er ei utdanning som kjem i tillegg til førarkortopplæringa.

Tanken er at du som sjåfør skal ha ei yrkesutdanning som skal vere noko utover den trafikale opplæringa. Det skal heve både kompetansen din og statusen til yrket.

YSK blir teken som ei omfattande grunnutdanning med ulike modular første gong ein tek han, som regel i samband med at ein tek førarkort for tunge køyretøy.

Deretter må ein gjennom ei 35 timars etterutdanning kvart femte år for å oppretthalde yrkessjåførkompetansen. Fleire detaljar om YSK-utdanninga finn du på nettsidene til Statens vegvesen.

Skrive av Arne Skrede.
Sist oppdatert 17.12.2020