Forklaringsartikkel
Vogntog

Bilete: Per Haukeberg / CC BY-NC-SA 4.0
Eit vogntog er ifølgje bruksforskrifta ei motorvogn som er tilkopla anten ei slepvogn, ei påhengsvogn eller ein semitrailer.
Nemninga blir vanlegvis brukt om ein lastebil tilkopla ein tilhengjar. Det kan vere anten ein lastebil med påkopla slepvogn eller påhengsvogn (kjerre) eller ein trekkbil med tilkopla semitrailer (semitralle).