Forklaringsartikkel
COP
COP er ei forkorting for det engelske omgrepet «confirmety of product».
Nokre produkt må samsvare med krav som gjeld for produktgruppa. Eit døme er EURO IV, EURO V eller EURO VV, som er typegodkjenningar for køyretøy. For å dokumentere at køyretøyet tilfredsstiller krava, må ein vise eit COP-dokument.
I enkelte land blir COP-dokumentet til køyretøyet kontrollert ved godstransport, og ut frå denne dokumentasjonen betaler bileigaren ei gradert miljøavgift avhengig av alderen til køyretøyet.