Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

FIFO-prinsippet

FIFO er ei forkorting for «first in, first out». På eit lager betyr FIFO-prinsippet at dei varene som har vore lengst på lager, skal bli tekne ut først.

FIFO-prinsippet bruker ein ofte for matvarer med haldbarheitsdato. Formålet er då å unngå matsvinn.

På norsk bruker ein også forkortinga FIFU («først inn, først ut») i staden for FIFO.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 13.11.2020