Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

C-vilkår (forsikring)

Når ei bedrift forsikrar varene eller eigedelane sine under transport med ei transportforsikring, betyr C-vilkår at varene berre er dekte for skadar som kjem av at transportmiddelet har vore utsett for ei trafikkulykke eller for brann, naturskade eller felleshavari.

C-vilkår blir ofte brukt for robuste varer eller varer som allereie har ein del manglar eller skadar.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 30.11.2020