Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Boggi

Boggi er to hjulakslingar saman

Boggi er når to hjulakslingar er monterte innanfor ein avstand på 1,20 til 1,79 m på ein lastebil eller tilhengjar. Då får desse ei samla lastevekt, som blir oppgitt som boggitrykk.

Mest vanleg er det å snakke om boggi på lastebil. Då er oftast den fremste akslingen ein drivaksel og den bakarste ein løpeaksel som er med og ber vekta.

Løpeakselen kan som oftast løftast frå bakken når bilen er tom og ein ikkje treng å ha to akslingar for å bere vekta av bilen og lasta. Det finst òg utgåver der det er drift på begge akslingane. Då blir det kalla tandemboggi. På nokre utgåver av tandemboggi kan ein kople ut drifta på den bakarste akslingen og løfte han.

I daglegtale blir den bakarste akslingen i boggikombinasjonen kalla for boggi-aksling eller berre for boggi.

Skrive av Arne Skrede.
Sist oppdatert 16.11.2020