Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Force majeure

Uttrykket force majeure kjem frå fransk og betyr "større kraft". Det blir uttalt "fors masjør".

Med force majeure meiner ein hendingar som ein ikkje har kontroll over, til dømes naturkatastrofar, krig eller streik.

I ein transportavtale vil det alltid vere ein klausul som seier at partane blir løyste frå ansvar når force majeure er årsaka til at dei ikkje kan overhalde sin del av avtalen. Partane har då ikkje erstatningsplikt.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 08.08.2022