Forklaringsartikkel
EXW
EXW betyr ex works. På norsk kan vi omsetje det til utanom transport, og det innebører at seljar berre klargjer varene for henting. Kjøpar hentar deretter varene på ein avtalt stad, til dømes på fabrikk eller lager, og ordnar med all transport.
Kjøpar overtek risikoen for varene straks dei er henta hos seljar. Kjøpar har ansvaret for å eksport- og importdeklarere varene og for å forsikre dei under transport.