Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Emballasje

Emballasje er det som ei vare eller eit produkt er pakka inn i. Emballasjen har fleire funksjonar. Han skal mellom anna beskytte produktet mot støyt, fukt og lys på vegen frå produsent til forbrukar. I tillegg skal han gi informasjon om produktet, til dømes haldbarheit, varedeklarasjon eller innhaldsliste.

Det finst fleire typar emballasje, mellom anna papp, plast, glas, blekk og aluminium. Emballasje kan òg vere ein kombinasjon av desse forskjellige typane.

Vi deler emballasje inn i forskjellige nemningar, eller modular, som har faste storleikar. På den måten kan ein laste meir kompakt i større standardiserte kartongar og vidare på pall. Reolane og hyllene i butikkane er ofte utforma med mål som gjer at modulane passar perfekt inn. Dette gjer pakkinga meir effektiv, meir stabil og tryggare.

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 22.09.2020