Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Smalspora støttebeinstruck T2

Ein smalspora støttebeinstruck liknar på ein skyvemastruck, men har masta i fast bakre stilling. Han har støttebeina med framhjul under gaffelarmane, slik at støttebeina «står att» på bakken når du løftar gaflane, og gaflane «legg seg over» støttebeina når du senkar dei. Derav «smalspora». Ein skyvemasttruck er til samanlikning breispora, då støttebeina går utanfor gaflane.

Ein smalspora støttebeinstruck kan berre handtere firevegs pallar i lengderetninga (på langs). Han blir berre brukt på lager til stabling i reolar og transport av varer innandørs.

Skrive av Arne Skrede.
Sist oppdatert 27.10.2020