Sidelastar T5

Ein sidelastar er ein trucktype som er berekna for godshandtering av lange ting, som trelast og røyr. Han kan likne på ein liten lastebil. Han har ei mast som står på tvers av køyreretninga, og som er skyvbar.
Masta skyver gaflane ut til sida og løftar lasta, som han så drar inn på maskina og senkar ned på lastedekket på sida av trucken. På den måten fraktar ein langt gods i lengderetninga, og ikkje på tvers som ein må med ein motvektstruck. Dermed er det lettare å manøvrere seg fram med langt gods.
Gaflane er såleis berre til å løfte av og på varer med, og ikkje til å bere lasta under transport, slik som på andre truckar.
Sidelastarar er oftast i bruk hos større trelastforhandlarar, røyrgrossistar og stålhandelsbedrifter, der ein handterer mange lange lengder.