Forklaringsartikkel
Gaffelforlengjarar

Bilete: Siren Halvorsen / CC BY-SA 4.0
Gaffelforlengjarar er lange stenger som ein enkelt festar på dei ordinære gaflane på ein truck, slik at ein utvidar bruksområdet. Ein bruker desse når ein treng å transportere noko som er lengre enn gaflane som er på trucken i utgangspunktet. Gaflane har låg eigenvekt og er derfor enkle å bruke. På denne måten kan ein lettare transportere vanskeleg gods, og trucken blir meir fleksibel.