Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

F-pak (forbrukarpakning)

F-pak er eit omgrep for den emballasjen som daglegvarer eller produkt er pakka inn i. Det kan vere til dømes mjølkekartongen, pappeska som frosenpizzaen ligg i, eller papiret som er rundt sjokoladen.

Forbrukarpakninga beskyttar sjølve produktet slik at det held seg best mogleg fram til forbrukaren, og skal eventuelt bevare haldbarheita etter opning, til dømes med enkle opne- og lukkeløysingar.

Daglegvarebransjen har standardisert dei ytre måla for distribusjonseininga/kartongen (60 × 40 cm) som forbrukarpakningane skal passe i, slik at desse igjen skal passe til dei ytre måla på ein europall (120 × 80 cm).

Skrive av Mette Broen.
Sist oppdatert 13.11.2020