Forklaringsartikkel
Vanadium

Vanadium som kube og krystallbarrar. Bilete: Alchemist-hp / CC BY-NC-ND 4.0
Vanadium (V) er eit grunnstoff med atomnummer 23. Det er ikkje store drivverdige førekomstar av vanadium, og reint vanadium kostar relativt mykje å vinne ut. I Noreg blir det vunne ut som ferrovanadium av Elkem.
Vanadium blir først og fremst brukt som legeringsmetall tilsett i jern og stål for å forbetre eigenskapane til seigleik og fastleik.