Forklaringsartikkel
Smergelskive
Ei smergelskive er ein slipestein som er produsert med keramiske bindingar. Ho blir brukt som slipeskive for bor og andre verktøy med skjereegg.
Ver merksam på at det ofte er oppgitt maksimal rotasjonshastigheit for slipeskiver, og at det kan vere livsfarleg å overskride denne hastigheita.
Smergelskiver kan ha ulik finleiksgrad, avhengig av kva du skal slipe, og kor stor nøyaktigheit du ønskjer.